Velkomen til Flø I.L. Fotball si nettside!

Flø er ein av to fotballklubbar som held til i byen Ulsteinvik på Sunnmøre. Flø har for tida to seniorlag for menn, eitt for ellevarfotball og eitt for sjuarfotball, og begge desse held til i 6. divisjon. Trenar for Flø er Odd Arne Seljeset.
Laga

-
Stallen 2007

-
A-laget

-
Sjuarlaget

Spelarsituasjonar

-
Skader

- Suspensjonar

Turneringar

-
Sparebank-cup

-
Rica Parkett-cup

Aktualitetar

-
Nyhende

- Bilete

Terminliste/resultat

-
6. divisjon, avdeling 2, 2007

-
Menn 7-er, avdeling 1, 2007

Historie

-
1975 til 1984

- 1996 og framover

-
Statistikk

Sponsorar

-
Flø sine sponsorar 2006

- Vil du sponse Flø IL Fotball? Sjå her.

Lenkjer

-
Odd Arne Seljeset si nettside

- Hødd IL

-
Bergsøy IL

-
Hareid IL

- Tjørvåg IL

-
Brandal IL

Interaktiv kontakt


-
Skriv i gjesteboka

-
Les i gjesteboka

-
Forumet
Nytt tidspunkt

Den første seriekampen i 6. divisjon avdeling 2 mellom Flø og Åheim har blitt flytta fram eit par timar. Dermed blir avspark kl 1300 i staden for 1500 som opprinneleg fastsatt. Oppmøte blir kl 1200. Kampen går som kjent på Høddvoll kunstgrasbane.

Som varsla tidlegare er det uaktuelt for Flø IL å nytte spelarar som ikkje har betalt treningsavgift for 2007. Dei aller fleste har no betalt, men likevel er det altså fleire som må belage seg på å ikkje få spele så lenge dette ikkje er ordna.

Under "Stallen 2007" i menyen til venstre kan dykk sjå kven som
har betalt.

Det har også blitt opplyst om at pressa vil vere til stades på denne kampen, så då gjeld det for Flø å vise seg frå si beste side!

17.04.07
Flø tapte treningskamp

Les saka her

08.04.07
Sparebank-cup 2007

Ein del bilete frå årets cup har no blitt lagt ut. Sjå dei
her

03.04.07
Vikanes har reist

Den offensive Flø-spelaren Lars Petter Vikanes har no dratt frå klubben. Reisa til Geneve skjedde søndag 1. april, og dermed får ikkje Flø nytte seg av han heller i starten av sesongen. Vi vonar folket i Geneve, som er den nest største byen i Sveits basert på folketal, får nyte godt av Vikanes sine eigenskapar på kjøkenet. Dermed stoppa han, førebels, på 18 kampar for Flø. Han scora 11 mål (inkludert 8 på sjuarlaget) på desse kampane.

02.04.07
Endeleg frist for innbetaling av treningsavgifta er snart omme

Som varsla i brevet som følgde med den først utgitte giroen, vil dei spelarane på Flø IL Fotball som ikkje har betalt denne innan avtalt frist, bli
nekta å delta på treningar og i kamp. Styret har gitt fleire påminningar om innbetalinga, og fristen har allereie blitt usett fleire gongar.

Om du av ein eller annan grunn ikkje lenger har giroblanketten som blei utdelt, skal betalinga skje til konto: 4137.30.39649

Prisen er 800,- , og 400,- for studentar.

31.03.07
Marka godkjend som kamparena

Sjuarlaget vil denne sesongen spele heimekampane på Flø etter at NFF godkjende Marka som sjuarbane. Marka er ein del av eigendommen til Eldar Stein Flø, og har tidlegare vore nytta som treningsfelt. Stadion ligg ovanfor Flø feriesenter og vel 100 meter frå skulen, som vert nytta som garderober. Sjuarsjef Torgeir Langnes lovar festfotball til den historiske opninga 25 April kl.19:00, mot Austefjord. Sidan Fløfotballen er gratis, reknar vi med storinnrykk av gode Sunnmøringar denne kvelde. Tilskodarkapasiteten er på vel 2500, så her må ein vere tidleg ute.

26.03.07
Oppdatert 17.04.07
Flø IL Fotball har blitt invitert til å delta i NM i fotballquiz 2007

Konkurransen går frå 9. april til og med 31. oktober, og deltaking er gratis. Du representerer både deg sjølv i ein idividuell konkurranse, og også klubben. Det blir kvar dag lagt ut tre spørsmål, og desse er det om å gjere å svare på raskast mogleg. Det blir premie kvar månad, for både beste spelar og klubb, og sjølvsagt også ein stor pokal ved endt meisterskap. Det pågår også ei oppvarming no, så berre register dykk med ein gong!
Hovudsida til NM i fotballquiz
Påmeldingsside for deltakarar

22.03.07
Breivik imponerte også i årets andre treningskamp
Flø sin nye angrepsspelar, Sigvald Breivik, scora to mål til i den andre treningskampen denne sesongen, og nok ein gong var Hødd3/Hasundgot motstandar. Flø vann 9-0 mot det som riktig nok var eit svært svekka motstandarlag.




18.03.07